Det pågår omfattande ulovleg laksefiske langs kysten. Så langt i år har Statens naturoppsyn gjort over 40 beslag, skriver Nationen.Det pågår omfattande ulovleg laksefiske langs kysten. Så langt i år har Statens naturoppsyn gjort over 40 beslag.
Midt- og Nord-Troms og Vest-Agder er verstingfylka, skriver Nationen.
I fjor vart det gjort beslag i og meldt nærare 500 tilfelle av ulovleg sett fiskereiskap i sjøen. Bortimot halvparten av beslaga var i Troms, 40–50 i Vest-Agder, og mellom 10 og 20 i ein del andre fylke. Og utviklinga ser ut til å vere den same i år også. 15. mai var det meldt seks saker i Agder-fylka, seks i Nord- og Midt-Troms, seks frå Møre og Romsdal til Hordaland og seks i Trondheimsfjorden.
Les mer











